← Toutes les offres

Tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i Miljøtenesta Time kommune

EURES

Lieu
Rogaland, Norvège, Rogaland
Contrat
CDI
Mode de travail
Présentiel
Tilkallingsvikarar / helgestillingar/ vikariat i Miljøtenesta i Time kommune Det vil til tider vera behov for tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i dei ulike avdelingane i miljøtenesta i Time kommune. Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer i kva for ein avdeling du kan tenka deg å jobba. Miljøtenesta består av følgande avdelingar: Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande, Bryne Aktivitetssenter, Nubben Bufelleskap og fleire BPA ordningar. Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju. Det finns stipendordningar for sjuke- og vernepleiarstudentar. Det er krav om politiattest for alle områda. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver vart presentert på intervju.Kvalifikasjonar Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir). I nokre av avdelingane vil det vera krav om at ein har førarkort klasse B, manuell gir. Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen Det er lovkrav om at politiattest registreres før første arbeidsdag tar til. Vi tilbyr Gode pensjonsordningar Løn etter tariff/avtale Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling KontaktinformasjonEmilie Øines, Avdelingsleiar Holmebakken/Vardheia omsorgsbustad, emilie.oines@time.kommune.no Lene Bærheim Haldorsen, Avdelingsleiar Kverneland barne- og avlastning., lene.baerheim.haldorsen@time.kommune.no Tordis Winstrup, Avdelingsleiar Foren Burettslag, tordis.winstrup@time.kommune.no Tove Merete Vorland, Avdelingsleiar Bryne Aktivitetssenter og BPA, tove.merete.vorland@time.kommune.no Anita Ås, Avdelingsleiar Kringlemyr omsorgsbustad/ambulerande og BPA, anita.as@time.kommune.no Eli Westerlund Goodwin, Avdelingsleiar Nubben Bufelleskap, eli.westerlund.goodwin@time.kommune.no Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune Referansenr.: 5015310270 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2027 Om arbeidsgiveren: "Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tilkallingsvikarar / helgestillingar/vikariat i Miljøtenesta Time kommune - EURES - AgoraHop