Kulturskulelærar - Høyanger sørside
HØYANGER KULTURSKULE
- Lieu
- Vestland, Norvège, Vestland
- Contrat
- Temps partiel
- Mode de travail
- Présentiel
Kulturskulen er organisert under Høyanger skule, og har no ledig 20 % stilling som kulturskulelærar. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.27 – vikariat. Oppmøtestad blir Ortnevik eller Bjordal. Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere. Arbeidsoppgåver: • Undervisning av enkeltelevar og grupper innan piano og/eller treblåsinstrument som t.d fløyte. Kan vere open for andre instrument/aktivitetar, avhengig av søkjarar sine kvalifikasjonar og ønskjer frå elevane. • Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar • Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen • Utviklingsarbeid i kulturskulen • Rekruttering av elevar til kulturskulen på Høyanger sørside Kvalifikasjonar: • Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk, men ikkje eit krav • Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid • Må kunne undervise på norsk • Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast Personlege eigenskapar: • Gode samarbeidsevner • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane • Fleksibel i høve arbeidsoppgåver • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette Vi tilbyr: • Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse» • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg kan påreknast. Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett. Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Høyanger kulturskule har i overkant av 2 årsverk med 4 tilsette og ca. 90 elevar innanfor fagområda musikk og visuelle kunstfag. Skulen har eit godt samarbeid med grunnskulane i Høyanger kommune, fritidskulturlivet og professjonelle kunstnarar.