Barne- og ungdomsarbeidar
EURES
- Lieu
- Vestland, Norvège, Vestland
- Contrat
- CDI
- Mode de travail
- Présentiel
Høyanger skule har ledig 100 % stilling frå snarast. Stillinga er øyremerkt elevar med behov for ekstra ressursar i skulekvardagen. Arbeidstida følgjer ikkje skuleåret. Arbeidsoppgåver: • Assistere elevane i og utanfor undervisningssituasjonen • Ein- til ein oppfølging og også arbeid i grupper • Organisere, leie og gjennomføre aktivitetar med barn i SFO • Bidra til positivt elevmiljø Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere. Kvalifikasjonar: • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Alternativt vil søkjarar med fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør kunne bli vurdert • Norskkunnskapar på minimum B1 nivå • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande åtferd blant barn Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt : • Særleg evne til å skape gode relasjonar • Positivitet • Gode kommunikasjonsevner • Fleksibilitet • Gode samarbeidsevner Vi tilbyr: • Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ • Lønn etter gjeldande tariffavtale • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Hjelp til å skaffe kommunal bustad Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett. Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Kvifor Høyanger? • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi • Eit rikt lag- og organisasjonsliv • Fokus på samskaping og samarbeid • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m. Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans. Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med ca. 270 elevar, ca 29 lærarårsverk og SFO- ordning med ca. 60 born. Skulen ligg sentralt i Høyanger tettstad, nær idretts- og badeanlegg.